Vindafjord på eigne bein

For folk i Ølen og gamle Vindafjord blir tidsrekninga før og etter første januar 2006. […]

For folk i Ølen og gamle Vindafjord blir tidsrekninga før og etter første januar 2006. Sjølv om samanslåinga av dei to kommunane har gjennomgått ein lang prosess, var det først frå den dagen den nye kommunen stod på eigne føter.

Det er nå og i tida framover den nye kommunen skal få prøva seg i praksis. I førebuingsprosessen er det mest på det administrative plan samanslåinga har vore ein del av kvardagen. Den vanlege ølensbuen og vindafjordingen har ikkje merka så mykje til overgangen til ein ny og større kommune.

I starten blir det nok ei utfordring å tenkja som ein kommune. Det blir også ei utfordring med mange sterke bygder i ein geografisk stor kommune. Lokalisering vil nok vera eit heitt tema også i den nye kommunen. Ikkje langt fram i tid skal politikarane i den nye kommunen vedta eit detaljert budsjett der det er mange millionar i manko.

Men først skal det feirast. Til helga blir den nye kommunen markert med stor folkefest for bygdefolk og innbodne gjester frå tidleg dag til langt på natt.
Grannar gratulerer med dagen og ønskjer til lykke med framtida for den nye kommunen.