Viser fram kulturen

Utstillingar og underhaldning av og med innbyggjarane i den nye kommunen, vil gå slag i […]

Utstillingar og underhaldning av og med innbyggjarane i den nye kommunen, vil gå slag i slag komande fredag og laurdag. Men så er det også to kulturkommunar som har slått seg saman. Både Vindafjord gamle kommune og Ølen kommune har vore kjende for den store aktiviteten i kulturskulane sine. Revy, musikk, kunst og handverk aktiviserer også mange. Mange av desse vil få høve til å presentere seg under arrangementa i helga. Det er Ølen vidaregåande skule, Ølen samfunnshus og idrettshallen i Ølen som skal vere hovudarena for det som skal skje.
Aktørane kjem frå heile den nye kommunen.

Med to gonger
Ein av dei som skal i elden, er vinnaren av «Popstjernå» under Zporty-festivalen sist sommar, Anders Vaka frå Bjoa.
Etter audition i Haugesund, Sauda og Vikedal, stod arrangørane av «Popstjernå» igjen med 26 jenter og gutar sist sommar. Desse var med i finalen under Zporty-festivalen. Men berre ein kunne vinne, og det vart Anders Vaka som song seg inn i hjarta på publikum med «Barnemenneske» av Bjørn Eidsvåg.
I helga skal han opptre to gonger. Først skal han vere med under kulturskulen sitt innslag før festmiddagen fredag med song og piano. Laurdag skal han vere med når Zporty-festivalen skal presentere seg.
Kva han skal opptre med, var han ikkje heilt sikker på då Grannar snakka med han tysdag under øving på piano saman med læraren Geir Baldersheim.
— Begge har eigentleg bede om at eg skal syngje «Barnemenneske» som eg vann «Popstjernå» med, men det må bli berre på den eine staden, seier han.

Song som hobby
Dette skuleåret går Anders Vaka på grunnkurs mekanisk ved Ølen vidaregåande skule.
Sjølv om kritikkane har vore veldig gode etter at Anders Vaka vann «Popstjernå», vil han ikkje satse på song og musikk.
— Nei, det vil eg ha som hobby, seier han bestemt. Men han nektar ikkje for at det blir mykje song og musikk i fritida.
Geir Baldersheim skryt av eleven sin, og seier at det er tydeleg at Anders er glad i hobbyen sin og fortel at han øver mykje.
—Og det viser resultat. Det er heilt sikkert, seier Baldersheim.