Hevar bilvrak frå Etnefjorden

  Kari Aakra I haust fekk politiet melding frå ein hobbydukkar som hadde registrert eit […]


Kari Aakra

I haust fekk politiet melding frå ein hobbydukkar som hadde registrert eit utal bilar på botnen av sjøen utanfor Børkjenes. Ved hjelp av kystvakta håpar politiet å få heva omlag 7-8 av desse i første omgang, før det blir gjort nærare undersøkingar.
— Me vil prøva å få heva så mange bilar som mogleg i første omgang, og eg trur me kan klara å heva 7-8 vrak. Men fleire av dei kan ligga så djupt at dei blir vaskelege å få opp, seier lensmann Niljann Hustoft ved Etne lensmannskontor.

Kystvaktskipet «Tor», som er stasjonert i Bergen, lokaliserte sju vrak og heva dei i går. Bilen som blei funnen på det djupaste låg på 37 meters djupn i fjorden.

Hustoft veit ikkje kva som ligg bak skrothaugen på sjøbotnen, og seier politiet i samarbeid med eit forsikringsselskap skal gjera vidare undersøkingar etter kvart. Identiteten på nokre av bilane er allereie kartlagde, og forsikringsselskapet har fått inn regresskrav på fleire av dei.

— Me skal gjera nøyare undersøkingar på desse bilane når me har fått dei på land, men det er grunn til å stilla spørsmål ved situasjonen då det faktisk finnest skrotstader for bilvraka. Me veit enno ikkje kva som ligg bak, og me kan berre koma med antakingar på dette tidspunktet, men det kan vera snakk om noko kriminelt, fortel Hustoft.

I området ved sjøen der bilane er funne, er det avkøyrsle frå fylkesvegen som leiar ut på Bjelkaberg. Frå dette berget blei det tidlegare sluppe tømmer i sjøen frå skogshogsten på Børkjenes.