Eit av dei største byggeprosjekta i Ølen er i støypeskeia. Kompanjongane Ragnar Byre og Terje Henriksen har fått tilgang på ei av dei mest attraktive og sentrale tomtene i Vindafjord sitt kommunesenter, og ivrar etter å koma i gang.
— Vårt utgangspunkt er eit sterkt ynskje om aktivitet og utvikling i Ølen sentrum. Me saknar at det skjer noko i kommunesenteret, seier duoen bak det nyskipa selskapet Byre Henriksen AS.
Signal
Det er plasseringa like ved E134 som er clouet i prosjektet. Investorane har fått avtale med grunneigarane Eldbjørg og Johannes Heggebø om ca seks mål i det såkalla grustaket i Eiodalen. Prosjektet er basert på at Sandeidkrysset blir stengt og erstatta av ei rundkøyring i krysset ved vegen til Dreganes, ca hundre meter lengre aust.
— Me må ha både Statens vegvesen og kommunen med oss for å få prosjektet realisert raskt. Politikarane har peika på nord-sør aksen i retning Eiodalen som utviklingsområde for næring Ølen sentrum, og signala me har fått så langt er berre positive, seier Byre og Henriksen til Grannar.
Planane krev ei regulering der omlegging av vegen med nytt vegkryss/rundkøyring er med. Den nye vegen som blir fylkesveg, gir også tilknyting til mellom anna kommunehuset og ambulansestasjon. Statens vegvesen er alt i bildet, og har lova ei avklaring i løpet av mai.
Fasaden av bygget
Daglegvarer
Det er ikkje noko småbygg dei to investorane vil bygga like på sørsida av E134 og med fasade mot stamveg. Planane viser eit bygg på tre etasjar, samt kjellar, med eit samla areal på ca 4.500 kvadratmeter. Grunnflata er på rundt 2.000 kvm.
Sentralt i prosjektet er butikkdrift i første etasje. Byre og Henriksen tenkjer primært på ein daglegvarebutikk på rundt 1.200 kvm og har alt vore i kontakt med Ølen Samyrkjelag/Mega.
— Ettersom me kjente til at S-laget ynskjer seg til E134, var det naturleg å ta denne kontakten, men me er ikkje låst til kjede eller til kva type butikk det blir, seier Terje Henriksen.
Panoramautsikt
Andre etasje er planlagt for offentlege og private kontor, medan det i toppetasjen vil koma ti leilegheiter på pluss/minus hundre kvadratmeter med terrasse både på nord- og sørsida. Sju med to soverom og tre med tre soverom. Utbyggjarane trur dette vil vera ein attraktiv stad å bu.
— I tillegg til den sentrale plasseringa, vil bebuarane ha fri sikt til fjorden med utsikt nord til Halsnøy og Fjellberg, seier dei.
Også kjellaretasjen vil bli utnytta, og her ser investorane for seg ulike tilbod innan fritid, og nemner bowling som døme.
Eit innteikna tårn med sjakt for heis og trapp vil gi bygget ei signalform.
Joker
Ragnar Byre og Terje Henriksen fekk tilgang til den svært attraktive tomta i vinter, og har jobba raskt med å få prosjektet i gang. Førebels finst det ingen prislapp på planane, men eit grovt estimat tyder på ein kostnad på 30 – 40 millionar. Mykje av byggjearbeidet vil bli utført i betong, der prisane nå er gunstige.
— Me har testa prosjektet blant ein del folk, og har opplevd stor interesse, utan at me vil nemna namn på dette tidspunktet.
— Kor lang framme ligg dette?
— Me er optimistar og håper på byggestart på slutten av året. Om politikarane viser vilje, og vegvesenet — som også er ein joker — fylgjer opp, bør det ikkje ta så lang tid å få løyst utfordringane til prosjektet. Dette dreier seg om å få fart på Ølen, svarer dei to kompanjongane.
Ofrar heimen sin
Møbelhandlar Terje Henriksen (63) er ingen novise i eigedom. Nå vil han ofra heimen sin for å realisera nok ei storutbygging.
— Den planlagde rundkøyringa krev riving av to hus. Eg eig begge og bur i det eine, men ofrar gjerne heimen for å få til prosjektet, seier han.Henriksen har vore møbelhandlar i Ølen i snart 40 år. Fram til 1984 hadde han butikk i det eine huset som kjem i konflikt med den planlagde rundkøyringa. Då flytta han inn i det store møbelsenteret på motsett side av E134.
Henriksen har eigarinteresse i klesbutikken Mini-Maxi, som held til i lokala til den gamle møbelbutikken. Han eig også det store forretningsbygget, som blant anna husar Haugesund Sparebank og Vindafjord lensmannskontor, like nedafor møbelbutikken. Siste ubygging der var for halvanna år sidan.
Kompanjong Ragnar Byre (56) i det nye utbyggingsselskapet Byre Henriksen AS, er også næringsdrivande. Han kontrollerer 50 prosent i Klimax AS, som importerer kjøleutstyr frå Italia og sel til store sluttbrukarar i landet. Selskapet omsette for nesten 40 millionar kroner i 2007.
Nybygget blir liggande ved E 134 med utsikt over Ølen sentrum