Fleire tjuveri av båtmotorar

Trioen var i ferd med å stela påhengsmotorar i båthamna i Vikebygd då dei blei […]

Trioen var i ferd med å stela påhengsmotorar i båthamna i Vikebygd då dei blei tatt på «fersken» av ein nabo. Dermed stakk banden frå staden, truleg i ein kvit japansk fleirbruksbil, på storleik med ein Opel Safira, melder Haugaland og Sunnhordland politidistrikt.
Så fort rømde trioen bygda at dei gløymde å ta med seg ei kjettingtang og to påhengsmotorar, som var stole frå hamna. Politiet fekk melding om forholdet rundt klokka 03.00 natt til måndag.

Flukta gjekk i retning Skjold og politiet meiner dei fekk med seg minst ein påhengsmotor.

Ber om tips

Etter kommunikasjonen mellom dei tre tjuvane å døma, er politiet overtydde om det var austeuropearar som var på ferde i Vikebygd. Politioverbetjent Arild Austrheim ved Vindafjord lensmannskontor ber folk vera merksame på mistenkelege situasjonen i distriktet og melda frå.
— Dette er eit type forhold me kjenner til frå før, og me ynskjer svært gjerne hjelp frå publikum, seier Austrheim.
Politiet ber spesielt om tips frå folk som kan gi opplysningar om båtmotortjuveriet i Vikebygd.

Siste
Politiet meldte seinare måndag at det i løpet av dei siste dagane er stole minst fem båtmotorar frå båtar ved Trovåg båthamn i Skjold. Dette er motorar frå 9,9 hk  til  30 hk.