Kafédrift på siste vers

Arne Frøkedal Han har nyleg sagt opp leigeavtalen for Senterkafeen og vil helst slutta av […]

Arne Frøkedal

Han har nyleg sagt opp leigeavtalen for Senterkafeen og vil helst slutta av så raskt som mogeleg.
— Det passar ikkje for ein maskinist å driva kafé, er konklusjonen til Paul Klungland etter 2,5 år bak disken.

Baronen i fare
Alt har ikkje gått etter planen og motivasjonen er synkande. Klungland håpar nokon vil overta den populære kafeen i Ølen Senter snarast. Han vurderer også å slutta av drifta av utestaden Baronen.
— Der må det satsast gjennom investering i blant anna nytt inventar, men det kan heller bli til at eg legg ned, seier han.
Når det gjeld Senterkafeen er løpet køyrt for hans del, trass i at kafeen er populær, spesielt blant pensjonistar, og kan ha fleire hundre gjester på gode dagar.

Mister kundar
— Avvikling har vore aktuelt sidan politikarane i fjor sa nei til skjenkeløyve. Det er lite kjekt å driva når eg må senda båtfolket til Stord, Skånevik og Etne, eller avvisa dei mange tyskarane som dukkar opp her om sommaren for å få litt å drikka, seier 46-åringen.
Ein langsiktig leigekontrakt har gjort det vanskeleg å trekkja seg ut utan å ha nye som er klare til å overta drifta. Nå er avtalen med huseigar sagt opp, gjeldande frå nyttår.
— Eg har også vurdert å betala meg ut av kontrakttida for å sleppa å driva to serveringsstader på ein gong. Kanskje stengjer eg før sommaren. Eg har ikkje heilt bestemt meg.

Blir eit tap
Paul Klungland meiner det er synd både for bygda og senteret om denne kafeen forsvinn. Han har tidlegare leita land og strand etter nytt vertskap, utan å lukkast.
— Nå håper eg det kjem nye krefter til bygda som kan driva. Dette passar best for folk som likar å laga mat, noko som ikkje er mi greie.
— Og dine eigne planar?
— Eg har ikkje gått i gang med å sjå etter ny jobb, men det er alltid bruk for ein maskinist med lang erfaring både frå Nordsjøen og på båtar, svarer Klungland.
Jaktar nye
Arne Matre som representerer huseigar Ølen Eiendom AS, synest det er svært synd at Klungland ikkje vil driva kafeen vidare. Samstundes forstår han avgjerda og meiner innbyggjarane må ta litt del av skulda for ikkje å vera flinke nok til å til å bruka tilbodet.
— Når det er sagt, så vil me ha vidare drift. Det ikkje eit fullgodt senter utan kafé, seier han.
Matre opplyser at huseigar førebels ikkje har konkrete namn på blokka, men håpar at nokon melder si interesse.