To til sjukehus

Politiet opplyser at bilen dei to sat i, kom over i motsett køyrebane og trefte […]

Politiet opplyser at bilen dei to sat i, kom over i motsett køyrebane og trefte ein stolpe. Ingen skal vera alvorleg skadde. Ulykka blei meldt AMK like før kl 15.30.
Det var to personar i bilen som var på veg vestover. Politiet kan ikkje seia noko om årsaka til at sjåføren i 50-årsalderen, mista kontrollen. Utforkøyringa skjedde ved Sjurseike.