UP tar nye fartssyndarar

Siste kontroll blei halde på Rv 46 i Ilsvåg laurdag kveld. UP gav fem forenkla […]

Siste kontroll blei halde på Rv 46 i Ilsvåg laurdag kveld. UP gav fem forenkla førelegg. To sjåførar mista dessutan lappen etter å ha blitt målt  i alt for for stor fart.
Kontrollen blei halde i 60-sone.

Like før midnatt laurdag blei det gjennomført ein promille- og dokumentkontroll på E134 i Ølen sentrum. 18 sjåførar blei stansa utan at politiet fann noko gale.

Sjekk tidlegare UP-resultat frå helga:

16 tatt i Åkrafjorden

 På E134 i Åkrafjorden i Etne kommune fekk UP storfangst under ein kontroll laurdag mellom kl 10.00 og 14.00.
I alt 16 forenkla førelegg blei skrive ut. Høgast målte fart var 11 km/t over fartsgrensa på 80 km/t.

Mista lappen I Imsland

To bilførarar mista lappen i Imsland fredag kveld. Stor fart og påske er ingen god kombinasjon, for UP er ekstra på hogget på desse tider. Etaten hadde fleire kontrollarar i distriktet fredag, og størst utslag var det på Rv 46 i Imsland i Vindafjord det UP sjekka farten til påsketrafikken i 60-sona mellom kl 18.00 og 21.00.
Resultatet var tre forenkla førelegg. To bilførarar fikk førarkortet beslaglagt. Høgast målte fart var 94 km/t.