Fanga i trafikkfelle

Synne Merete Mæle Dei to pensjonistane er ikkje åleine om å føla seg usikre når […]

Synne Merete Mæle

Dei to pensjonistane er ikkje åleine om å føla seg usikre når dei kjem ut i busslomma på E134 frå bustadskipinga. Når busspassasjerar går av på stoppestaden er dei nøydde til å krysse køyrebanen ulovleg. Det er ein risikosport med køyretøy i begge retningar. Alternativet er å gjere som skiltet ved busslomma oppmodnar til; gå langs E134 utan fortau, side ved side med bilar og store trailerar, til du kjem til fotgjengarfeltet lengre nede.
— Situasjonen har vore sånn heilt sidan eg flytta inn hit for ti år sidan. Det er lukka mi som har ført meg heilskinna i frå det så langt. Når eg må krysse vegen for å handle kjenner eg meg alltid utrygg. Store trailerar kjem frå begge sider. Eg er alltid letta når handleturen er unnagjort, og eg har komme heim, seier 91-årige Valgjerd Elde.

Omveg
Kari Hamre deler same bekymring til Elde. Båe to brukar rullator når dei skal ut på tur.
— Kvar gong eg skal handle må eg krysse vegen sjølv om det eigentleg ikkje er lov. Det er ubehageleg, seier ho.  
For å unngå å hamne i trafikkfella må bebuarane gå omvegen via stikkvegen inn til legesenteret og vidare langs fylkesvegen for å komme til sentrum. Det er vanskeleg og tidkrevjande for dei som er svake til beins.
Ein lokalt trailersjåfør Grannar snakka med, opplever det problematisk når eldre folk med rullator plutseleg valsar midt på E134.
— Det kan vere vanskeleg å få auge på dei, spesielt om vinteren då det er mørkt og dårleg sikt, seier trailersjåføren som vil vere anonym.

— Noko må gjerast
Torbjørn Knudsen arbeider som frivillig på Frivillighetssentralen i Etne. Der har han ansvar for praktiske gjeremål. Knudsen har sett galskapen på nært hald.
— Nå må noko gjerast. Samfunnet er lagt opp til at dei eldre skal klare seg sjølv. Då må politikarane leggje til rette for det. Eldre, skulebarn og andre trafikantar ferdast her kvar dag. Spesielt risikabelt er det på vinterstid då det er mørkt og glatt. Høge brøytekantar gjer det omtrent umogleg å gå lags E134.
Med nemnde faktorar, kombinert med at dei eldre ofte har ein pose eller to på hanken som gjer dei ustø, oppstår lett farlege situasjonar, seier Knudsen.

Ingen respons
For ein månad sidan blei kommunen kontakta, utan respons så langt. Knutsen meiner det må gjerast plass til eit fortau. Det kan gjennomførast ved å flytte stakittgjerdet ein halv meter inn i eigedommen til huset som ligg langs E134. Då blir det plass til ein gangveg for fotgjengarar, slik at dei slepp å ferdast i same køyrefelt som bilane.
— Skiltet som er sett opp er misvisande. Det oppfordrar folk til å gå side om side med bilane til fotgjengarfeltet lengre nede. Resultatet er at trafikken stoppar opp, og at farlege situasjonar oppstår, seier Torbjørn Knudsen.

Tar opp saka

Etne-ordførar Sigve Sørheim (Sp) innser også at noko bør gjerast med forholda for dei mjuke trafikantane i dette området.

— Per i dag er ikkje busstoppet med i reguleringsplanane for kommunen. Saka blir likevel lagt fram for teknisk etat så fort som mogleg. Det  beste alternativet er nok å kjøpe litt av grunnen til huset som ligg langs E134. Då kan me utvida vegen og lage eitt fortau, seier Sørheim.  
I følgje byggeleiar i Statens vegvesen, Asbjørn Opedal, er situasjonen kring busstoppet kraftig forbetra.
— Som ein del av omlegginga av Etne sentrum asfalterte me busstoppen, samt jamna ut den store kanten som tidlegare var mellom bustadskipinga og busslomma. Fartsgrensa er også sett ned frå 50 til 40 km/t.
Men eg kan vere einig i at det manglar eit fortau frå busslomma og ned til fotgjengarfeltet. Bilistane har derfor eit stort ansvar, og må vise omsyn til dei mjuke trafikantane som ferdast langs E134.