Råkøyrarar mista lappen

Ein lokal UP patrulje hadde i går kveld kontroll ved E 134 i Åkrafjorden, og […]

Ein lokal UP patrulje hadde i går kveld kontroll ved E 134 i Åkrafjorden, og ved tunnelane der.
To førarar, begge i byrjinga av 30 årsalderen, mista førarkortet etter at dei køyrde i 124 og 132 kilometer i timen i 80-sona.

Målingane av farten blei tatt over fleire kilometer.

Ein kar på moped var også noko overivrig på mobiltelefonen. Politiet stansa han, då han køyrde mopeden medan han skreiv ein SMS. Mopedføraren fekk eit forenkla førelegg.