Arrestert etter masseslagsmål

Haugaland og Sunnhordland politidistrikt fekk seint laurdag kveld melding om slagsmål mellom fleire gjester på […]

Haugaland og Sunnhordland politidistrikt fekk seint laurdag kveld melding om slagsmål mellom fleire gjester på ein utestad i Ølen. Dei involverte var alle utanlandske borgarar, og politiet trur slåssinga var eit oppgjer mellom ulike gruperingar.
Dei involverte var lite villig til å bidra med forklaringar, men det heile roa seg då politiet dukka opp. Det var den mest aktive som blei hanka inn og sett i arresten.

I Ølen blei ein 28 år gamal bilist stoppa av politiet same natt mistenkt for promillekøyring. Blodprøve er tatt og saka blir vidare etterforska av Vindafjord lensmannskontor.