Elgen kjem vestover

Kari Aakra Ferierande hytteeigarar ved Holmavatnet i Etne fekk eit uventa syn då ei stor […]

Kari Aakra

Ferierande hytteeigarar ved Holmavatnet i Etne fekk eit uventa syn då ei stor elgku kom springande mot dei på fjellet i helga. Då dei kikka ut mot vatnet sømde elgkua mot land, før ho la på sprang beint mot hytta. På det næraste sto elgkua omlag femti meter frå hyttegjestene, men deretter endra ho retning og sprang mot Foravatnet.

Leiar i Viltnemnda i Etne, Udmund Stengårdsbaken meiner at elg i dette området av Etnefjella ikkje er av dei mest uvanlege syna. Likevel er han uviss på om elgdyr tidlegare er observerte så langt vest som ved Holmavatnet.

— Det er elgstammar både i Gjøsendal, og i områda kring Suldal og Sauda, så det er gjerne ikkje så rart om det viser seg elg her. Utanom Rullestadfjella, har me høyrt om elg i andre delar av Etnefjella med jamne mellomrom. For omlag tre år sidan blei det også observert elg ved Tungesvik, seier Stengårdsbakken.

Likevel ser han ikkje bort i frå at dei store dyra kan visa seg endå hyppigare i områda framover. Han viser til døme der dyra tidlegare har vore heilt fråverande, for så å bli eit naturleg innslag i faunaen.

— Ein skal ikkje så mange åra tilbake før det verken var elg, hjort eller rådyr i Røldal til dømes. Nå er det solide stammer og dei har vore der i mange år. Er det dyr av begge kjønn i områda i Etne, ser eg ikkje bort i frå at det kan bli vanlegare med elg også her, seier Stengårdsbakken.

Cropped