Gir opp planen om hestesenter i Etne

Ivar Teigland Dei siste åra har Etne, Ølen og Vindafjord Trav og Hestelag jobba for […]

Ivar Teigland

Dei siste åra har Etne, Ølen og Vindafjord Trav og Hestelag jobba for å få eit regionalt hestesportsenter inn i reguleringsplanen for Etnesjøen del 2, men kommunen har tidlegare sagt nei til dette. Trav og Hestelaget meinte at dei ikkje hadde fått reell medverknad i planprosessen, og klaga vedtaket inn til fylkesmannen, men klagen blei ikkje teken til følgje.
— Nå er eg veldig skuffa. Dette inneberer at me må skrinleggje planane om å få til eit stort, regionalt hestesportsenter her i Etne, seier Øyvind Thorson, leiar i Etne, Ølen og Vindafjord Trav og Hestelag like etter at brevet frå fylkesmannen om ein reguleringsplan utan hestesport førelåg.

Sentral plassering
Ifølgje Thorson må eit slikt senter ligge sentralt i bygda for at det skal vere attraktivt som arrangementsområde, og han kan ikkje sjå noko alternativ plassering for dette.
— Eg har vanskar med å sjå for meg eit anna område i Etne som passar til eit slikt hestesportssenter for heile regionen der ein kan ha store arrangement, fortel Øyvind Thorson.
Han etterlyser nå kva alternativ Etne kommune kan komme opp med.

Initiativ til dialog
Ordførar Sigve Sørheim opplyser til Grannar at kommunen ikkje har noko konkret alternativ for hestesportssenteret klart, men dei vil nå jobbe med å finne eit område.
— Foreløpig har me avventa dette spørsmålet til denne klagesaka var ferdig behandla, men kommunen vil nå ta initiativ til dialog med hestefolket, seier Sørheim.
Øyvind Thorson i Trav og Hestelaget ser derimot saka som tapt når kommunen ikkje ønskjer eit slikt hestesenter ved Etnesjøen.
— Min draum har vore å få til eit skikkeleg senter etter internasjonal konkurransestandard der me kan ha store arrangement og samle folk frå heile Haugalandet. Skal me få dette til, er ein avhengig av ei sentral plassering for å gjere det enkelt i forhold til overnatting og transport, og sentrum for idrett og kultur i bygda ligg jo nettopp her ved Etnesjøen, seier Thorson.

Treng stor arena
Leiaren i det lokale trav og hestelag meiner kommunen kan få til eit lite hestesenter ein annan stad i kommunen, men han utelukkar at det kan bli eit slikt regionssenter som var hans visjon.
— Det kan samanliknast med ballbinge og stadion. Det er klart at det er positivt å ha ballbingar der folk kan spele fotball på fritida, men når ein skal ha store arrangement, er ein avhengig av ein ordentleg stadion.
På same måte er det i hestesporten. Me må ha ein skikkeleg arena for å kunne arrangere store konkurransar, fortel Øyvind Thorson.

Senter i Vindafjord
Han har nå gitt opp planane om å til ein slik arena i Etne, og ser det som meir sannsynleg at eit slikt senter kan komma i nabokommunen.
— Etne har eit lite sentrum, og det er landbruksjord på alle kantar, så det blir svært vanskeleg å finne ei annan sentrumsnær plassering for dette. Eg trur sjansane er større i Vindafjord, seier Thorson.
Saka er likevel ikkje heilt over i Etne for trav og hestelaget. Dei vil i tida framover jobba for å få ein økonomisk kompensasjon for utgiftene dei har hatt i denne prosessen, og har levert saka inn til ein jurist i Det Norske Travselskap.