Sol og rundt 28 grader viste igjen på badeplassane i dag. I Honsvika i Etne var familien Åsheim blant dei mange som kjølte seg ned ved fjordkanten.
— Eg har fanga ein krabbe, og mange reker, forklarer Vebjørn Åsheim (5) og duppar krabben i bøtta med sjøvatn.
— Ja, det er varmt i sjøen. Fint å bade, meiner storesøster Synne (8) som er på land etter ein dukkert.
Mor Bente Åsheim håper at det fine vêret vil vare, og der har ho godt nytt i langtidsvarselet.
I følgje yr.no blir det bris, sol og framleis varmt ut heile komande veke. Men ei og anna skye kan stryke forbi, og kanskje ei ettermiddagsbye.
Oj, for eit vêr!
Sol og rundt 28 grader viste igjen på badeplassane i dag. I Honsvika i Etne […]