Stolen bil i Vats

Klokka 16.00 fekk politiet melding om tjuveri frå ein bil på Knapphus. Gjerningsmannen var blitt […]

Klokka 16.00 fekk politiet melding om tjuveri frå ein bil på Knapphus. Gjerningsmannen var blitt observert, og bilnummeret hans registrert. 

Bilnummeret viste seg å tilhøyra ein sølvfarga VW Touran med firmamerket «Gilde» på sidene.  Denne bilen blei stolen frå Gard senter  natt til laurdag.

Politiet ønskjer nå tips frå publikum, dersom nokon har sett den stolne bilen.