Veteranbiltreff på Grindheim

Anita Haugland — Det heile starta med at me er ein gjeng med mannfolk som […]

Anita Haugland

— Det heile starta med at me er ein gjeng med mannfolk som er interessert i gamle bilar her oppe, seier Egil Grindheim.
I går hadde det samla seg køyretøy og maskinar frå Etne, Vikedal, Skjold, Tysvær og Ilsvåg. Såpass populært blei det, at sønnen, Harald Grindheim, køyrde på motorsykkel frå Bærum til Etne for ikkje å gå glipp av hendinga.
 Agnar Grindheim hadde teke med seg fleire køyretøy til ekra hos Egil Grindheim der treffet føregjekk. Blant desse var ein restaurert traktorgravar frå 60-talet.
— Eg har restaurert 3 traktorar og 1 traktorgravar i løpet av tida eg har haldt på med dette, seier Agnar Grindheim.

Sjå bilde i nettalbumet her.