Folkefest med kronprinsparet

Anita Haugland — Dei konglege kjem frå Utsira med kongeskipet til Haugesund, der dei blir […]


Anita Haugland

— Dei konglege kjem frå Utsira med kongeskipet til Haugesund, der dei blir henta i bil. Første stopp er på Vindafjordtunet i Nedre Vats, seier ordførar Arne Bergsvåg.
Tanken er at det skal bli ei markering av oppstarten til arbeidet med sansehagen på omsorgssenteret, og i tillegg vil det bli rom for litt kaffidrøs med noko å bita i.

I hesteskyss
— Turen går vidare til tusenårsparken i Ølen. Her vil det bli ulike innslag med korpsmusikk og bidrag frå kulturskulen, men detaljane er ikkje heilt klare enda, seier Bergsvåg.
Meininga er at arbeidet på Joa Kari skal vera ferdig til den 1. august, men det er usikkert om den planlagde paviljongen blir klar før æresgjestene kjem på besøk.
— Frå Joa Kari går turen vidare til idrettshallen, og her skal kronprinsesse Mette Marit og kronprins Håkon Magnus fraktast med hesteskyss, seier ordføraren i Vindafjord.
 Det har komme ynskje frå kronprinsparet om at besøket skal vera mest mogleg folkeleg, og komiteen i Vindafjord kommune har lagt vekt på å visa fram både omsorg, næringsliv, tilgang til arbeidsplassar og korleis det er å bu og leva her.
— Det har komme inn svært mange forslag, og dersom me skulle gjera alt, så måtte me hatt besøk i eit par dagar, seier ordføraren.
Han synest det er positivt at folk engasjerer seg.

Messe og suppe
Dei store bedriftene i kommunen skal representerast i Ølen idrettshall med kva sin stand.
— Her inviterer me alle til å komma, og det vil bli servering av Vindafjordsuppa, marsipankake, kaffi og saft til alle, seier Bergsvåg.
Suppa skal lagast av Catering Partner i Ølensvåg.
— Me har berekna rikeleg, og ynskjer også folk utanfor kommunegrensa velkommen, seier Bergsvåg.

Høgtidleg middag
Ølen vidaregåande skule har tatt på seg ansvaret for å laga middagen på kulturhuset i Ølen.
— Me kan ikkje røpa menyen enda, men det blir mykje kortreist mat, seier Berit Hetland.
Ho er presseansvarleg i dette høvet, og har jobba med programmet saman med ordføraren, varaordføraren, rådmannen og Eva Kalstveit.
Til saman er det 200 gjester som blir inviterte til middag med dei kongelege.
— Ølen vidaregåande skule samarbeidar med ein skule i Tromsø, og ein i Tyskland, og det er kjempeflott at dei har tatt på seg ansvaret, seier Hetland.
Det er enda ikkje avklart om fylkesordførar Tom Tvedt skal vera til stades, men konstituert fylkesmannen i Rogaland, Harald Tune, er ein bekrefta gjest.
— Det er sett av 300.000 kroner til kronprinsbesøket, og me håpar at dette kan bli ein folkefest for alle som har tid og lyst, seier Bergsvåg.
Korleis folk skal kle seg, blir bestemt når det er klart kva klede kronprinsparet stiller med.
— Men uansett er det flott om folk stiller med flagg og nasjonaldrakt, oppmodar ordføraren.

Blomsterbarn
— Ei jente frå Skjold barnehage og ein gut frå Nausthaugen barnehage i Nedre Vats, skal dela ut blomar til kronprinsparet i tusenårsparken.
— Det er gjort ei høgtideleg trekning nede hos lensmannen, men det er opp til barnehagane å bestemma nøyaktig kven dette blir, seier Arne Bergsvåg.