Trafikkulykke og trøbbel

Første del av bluesfestivalen i Skånevik har passert utan dei store merknadene frå politiet. På […]

Første del av bluesfestivalen i Skånevik har passert utan dei store merknadene frå politiet. På morgonkvisten laurdag, rundt kl 04.30, blei det meldt om ei trafikkulykke på Rv 48 ved Leknes etter at ein bil hadde hamna utafor vegen.

Politiet reknar med at det var to personar i bilen. Den eine blei frakta til legevakta med ambulanse, medan den andre var fordufta då politiet kom til staden.

På festivalen fekk politiet det første oppdraget ein knapp time før midnatt etter at ein person meldte om lekamsfornærming. Vedkomande vil melda forholdet til politiet over helga.

Ein time seinare blei ei kvinne pågripe med ulovlege tablettar på seg. Ho må rekna med ein reaksjon frå påtalemakta.

Rundt kl 03.00 fekk politiet melding om ny lekamsfornærming. Ein person var slått ned i matkø på kaien og måtte til legevakta. Der blei det konstatert kjevebeinsbrot. Politiet veit kven gjerningsmannen er.