Kongeleg i Vats og Ølen

Direkte frå besøket på Utsira kjem kronprinsparet til Vindafjord for kveldsopphaldet første dag av paret […]

Direkte frå besøket på Utsira kjem kronprinsparet til Vindafjord for kveldsopphaldet første dag av paret sin rundtur i Rogaland. Alt frå omsorgsenter og skule, til næringslivpresentasjonar gjer seg klare til flott besøk.

Kronprins Haakon Magnus og kronprinsesse Mette-Marit skal etter plananen starta Vindafjord-turneen i Nedre Vats klokka 16.30. Det er Vindafjordtunet som har fått æra av å vera første stoppestad på turen,  der Kronprinsparet skal planta eit tre i Sansehagen, før bebuarane på omsorgssenteret får nyta kaffien sin med særskilt fint selskap denne dagen. Kronprinsparet tek kaffitåren og ein matbete med bebuarane på ettermiddagen før  turen går vidare til Ølen og tusenårsstaden Joa-Kari.

To heldige blomsterborn møter kronprinsen og kronprinsessa,  før korpsmusikk og tale frå ordførar Arne Bergsvåg ved Joa-Kari. Deretter tek kronprinsen sjølv ordet, ved den offisielle opninga av tusenårsstaden.

Etter Joa-Kari ventar hesteskyss, som fraktar paret til Ølen idrettshall, der næringslivet i Vindafjord blir presentert, mellom anna Hatteland og Ølen Betong. Deretter får kronprinsparet servert villsausuppe, rykande fersk frå kokkelærlingar på Ølen vidaregåande skule, og marsipankake blir servert «folket».

Kvelden blir avslutta omlag 20.30 med middag på Ølen kulturhus for innbodne gjester.