Labert publikumstal

Det var tynt i publikumsrekkjene då Odd Nordstoga entra scena på meieriplassen i går. Utover […]

Det var tynt i publikumsrekkjene då Odd Nordstoga entra scena på meieriplassen i går. Utover kvelden seig det på med konsertklare publikummarar. Likevel var det eit skuffande oppmøte då eit av Noregs mest populære liveband gjekk på scena like etter klokka 23.00.

Framleis har ikkje marknadsnemnda tala klare for kor mange som var innom.
— Det var litt under forventa, og til samanlikning med dei 2.000 som såg Kaizers Orchestra på torsdag vil eg tippa det var omlag 1.300 i går, seier marknadskoordinator Vidar Lund.

nett_56-09-publikum bigbang.jpg

BigBang levde opp til ryktet som ein av dei beste livebanda i Noreg.

I kveld entrar Smokie og Gunslingers scena på meieriplassen i Etne sentrum, og det er knytt spenning til både vèr og publikumsoppmøte. Til nå har vèrgudane vore på Etnemarknaden si side. På konsertane både torsdag- og fredagskveld har publikum fått nyta musikken i godt sommarvèr. Meldingane har derimot vore noko meir usikre for laurdagskvelden.

— Det blir eit noko annleis arrangement enn tidlegare, og vil gjerne dra eit litt vaksnare publikum. Det blir jo spennande å sjå korleis veret blir i kveld også, me håpar sjølvsagt på det beste, seier Lund.

Les meir i måndagsutgåva av Grannar