Lovar dusør mot postkassepøblar

Kari Aakra I løpet av natta blei postkassen til maskinentreprenøren på Grindheim i Etne sprengt. […]

Kari Aakra

I løpet av natta blei postkassen til maskinentreprenøren på Grindheim i Etne sprengt. Postkassesprengarar har dukka opp med visse mellomrom i distriktet, og Grindheim har vore utsett for sprenginga før. Han er oppgitt over at politiet ikkje tar det på alvor, og tek saka nå i eigne hender.
— Eg utlovar 10.00 kroner i dusør til den som kjem med informasjon som kan føra til at me finn folka som står bak,  seier Grindheim.

For andre gong
For eitt år sidan kom han også på jobb til sprengt postkasse. Nå er han lei av at det ikkje blir gjort meir med det.
— I Vindafjord ser me at det har vore eit problem, og i fjor rundt konfirmasjonstider opplevde me også sprenging her på Grindheim. Den gong blei det heller ikkje tatt skikkeleg tak i av politiet. Eg har anmeldt det denne gongen også, men oppmodar folk til å ta kontakt om dei veit noko som kan leia fram til at sprengarane blir tatt, seier Grindheim.
Grindheim trur det er blitt brukt kraftige kinaputtar som truleg ikkje er lett tilgjengelege. Han mistenkjer at det er folk over 18 år som står bak, og fryktar at det vil skje igjen.

Kan få konsekvensar
 Ny postkasse er på veg opp, og denne gongen var det truleg ikkje viktige papir som forsvann med sprenginga, men det kan fort få konsekvensar for fleire enn han.
— Det verste er ikkje hærverket, men alle papira som kan gå tapt. I fjor miste eg mange dokument etter at postkassen blei sprengt, og eg såg ein del av dei låg spreidde oppover vegen. Her finnest både kontornummer, personnummer og anna sensitiv informasjon for både meg, kundar og leverandørar. Og det kan bli eit alvorleg problem om dette hamnar i feil hender, seier Grindheim.

Pøbelstrekar
I februar blei ein gjeng unge menn tatt etter at dei hadde vore på omfattande sprengetokt ved postkassestativ i heile Vindafjord kommune. Den gong fekk politiet hjelp av ein postkassenabo som tok sprengarane på fersk gjerning.
Politibetjent Vidar Haraldseid ved Vindafjord lensmannskontor seier at saker som sprenginga i Etne i natt ikkje blir høgt prioriterte, og ofte er det lite dei kan gjera ved slike hendingar.
— Oftast har dei som står bak dette ingen spesiell grunn for å gjera det, utanom at dei tykkjer det er kjekt. Ein kan vel kalla det pøbelstrekar, seier Haraldseid.