Påkøyrd av ukjend bilsjåfør

— I utgangspunktet sa syklisten at alt var i orden då bilisten som køyrde på […]

— I utgangspunktet sa syklisten at alt var i orden då bilisten som køyrde på ho, stoppa. I ettertid har det vore behov for legesjekk, og difor er denne saka rapportert, seier Svein Sørensen, operasjonsleiar ved Haugaland og Sunnhordland politidistrikt.
Han oppmodar bilføraren til å ta kontakt med lensmannskontoret i Vindafjord.
— Bilisten har ikkje gjort noko gale, men me er interessert i å få kontakt med bilføraren som var involvert i uhellet, seier Sørensen.