Ser lyst på hydraulikken

Jon Edvardsen Hegerland sin filosofi er å vere forsiktig, men no er selskapet så solid […]

Jon Edvardsen

Hegerland sin filosofi er å vere forsiktig, men no er selskapet så solid at han ikkje treng å blåse opp budsjetta for å ha råd til nybygget.
— Vi treng ikkje å auke omsetnaden for å forsvare denne investeringa. Vi har planlagt dette i mange år, og no er det rett tidspunkt å ta denne investeringa, fortel dagleg leiar Jan Hegerland som eig selskapet saman med ektefellen Grete Grønhaug Hegerland.

Rett tidspunkt
For Hegerland er det også rett tid å investere når temperaturen i byggjenæringa er gått ned, og renta er låg.
— Vi ville gå i gang med bygging for over eit år sidan, men då gadd ikkje entreprenørane svare oss. No kom dei til oss. Prisen er nok blitt gunstigare, seier han.
Spørsmål om pris er også blitt vanlegare blant Hegerland sine kundar, men elles merkar han ikkje finanskrise.
— Enkelte heldt vel litt igjen ei stund, men det er ikkje så merkbart no. Folk blir vel usikre når det er snakk om krise, fortel han.
Han har eit stort potensial i kundane han har, og får stadig nye førespurnader, opplyser han.
Hegerland har fått ein betydeleg ny kunde i AF Decom, som både har bygt ut industriområdet på Raunes og har starta gjenvinning av utrangerte oljeinstallasjonar.

Meir oppdatert
Hegerland ser fram til eit litt anna liv i det nye bygget som skal stå ferdig i februar. Selskapet har vakse og dagens lokale eit steinkast unna nybygget, har blitt trongare og trongare.
— Det blir ein heilt annan kvardag for dei som arbeider her. Vi kan få vist fram varene våre, og utvide vareutvalet. Bygget er berre 20 meter frå E134 vil vise godt igjen og gi ei heilt annan marknadsføring enn det gamle. Eg trur vi også vil bli tatt meir seriøst, seier 41-åringen.
Etter ein lang periode med utgraving av tomta, starta forskalinga sist veke. Bygget har ei grunnflate på 800 kvadratmeter, og med 100 ekstra i andre etasje. Hegerland har resten av 2. etasje i beredskap til å utvide på eit seinare tidspunkt dersom det skulle bli nødvendig i det sju meter høge bygget.

Jaktar fagfolk

Bedrifta handlar ikkje berre om hydraulikk, dei leverer også varer og utstyr til industri og landbruk. I fjor var Jans Hydraulikk den niande største smøroljeforhandlaren for Shell her i landet.
Når nybygget blir opna eit stykke ut på nyåret, er det også ein ekstra spiss at Hegerland kan feire 25-årsjubileum.
— Eg er nøgd med det vi har fått til, men det har tatt tid og veksten har ikkje vore så veldig stort, meiner hydraulikkeksperten i Ølensvåg.
2008 var eitt av dei beste åra Jans Hydraulikk har hatt, og omsetnaden auka med nesten 20 prosent, og resultatet før skatt med nærmare 60 prosent.
Når dei er i gjenge neste år er målet å tilsette to nye i selskapet som har sju tilsette i dag.
— Eg er heile tida på jakt etter dei rette folka. Det er ein spesiell automasjon med både elektro og hydraulikk og det lærer ein ikkje på nokon skule, seier Jan Hegerland.
Det er bakgrunnen for at han vurderer å bli lærebedrift og ta inn ein lærling.