Slagsmål på gatekjøkken

Like over klokka 18.00 fekk politiet melding om handgemeng og opphissa stemning på gatekjøkkenet. Ein […]

Like over klokka 18.00 fekk politiet melding om handgemeng og opphissa stemning på gatekjøkkenet. Ein mann i Etne fortel at han var blitt truga av beteninga. Like etterpå får politiet ny oppringing frå dei tilsette ved gatekjøkkenet som ber om hjelp, då det har oppstått problem med gjester som har røykt inne i lokalet.

Då politiet kom til staden blei det avklart at trugsmålet frå beteninga truleg kom av ei misforståring. Det hadde brygga opp til slagsmål mellom gjester og beteninga, og ein av gjestene trudde han var blitt truga med kniv. Politiet fekk forklart at det truleg var ein gjenstand på eit nøkkelknippe som var misforstått som ein kniv.

Den klagande parten var på gjennomreise og anmelde ikkje hendinga.