Dramatisk nedgang i laksefisket

Oversikten frå Norske Lakseelver viser at Etneelva har 45 prosent nedgang samanlikna med i fjor. […]

Oversikten frå Norske Lakseelver viser at Etneelva har 45 prosent nedgang samanlikna med i fjor. Svikten frå eit normalår er heile 55 prosent.

Norske Lakseelver vurderer oppdrettsindustrien, med lakselus og rømming, som den største trusselen mot dette vassdraget. Kjente lakseelver som Alta og Lakselv i Finnmark ligg an til 50 prosent nedgang i fangstane. Også i elver som Reisa, Orkla, Surna, Otra og Numedalslågen er talet på laks svært lågt.

Auka omfang av død fisk i sjøen er hovudårsaka til at færre laks vender tilbake til elvene, meiner Norske Lakseelver og rettar ein stor del av skulda mot oppdrettsnæringa.

– Nå må politikarane redde villaksen, som er Noreg sitt naturlige arvesølv, seier Torfinn Evensen i Norske Lakseelver.

Han ser det spesielt alvorleg at nedgangen finn stad i alle landsdelar. Naturlige sviginga kan førekoma, men at nærast alle elvene er i ein bølgjedal, er urovekkande, uttaler Evensen.

Mengda smålaks er historisk låg, og dermed kviler laksen si framtid på få, men store individ. Dette tyder på at naturen sin reserve av laks i havet er på et minimum, og villaksbestandane er meir sårbare enn noen gang, hevdar organisasjonen.