Falske bøsseberarar

Fleire personar gjekk i går rundt med bøsser og samla inn pengar i Ølen. Dei […]

Fleire personar gjekk i går rundt med bøsser og samla inn pengar i Ølen. Dei falske bøsseberarane hadde mellom anna fått pengar frå omsorgsbustadene i Ølen, fortel aksjonsleiar for TV-aksjonen i Vindafjord, Kåre-Lars Tveit.

—  Bøsseberarar i Ølen fekk søndag ettermiddag høyra at folk allereie hadde gitt pengar på laurdag, seier Tveit.

Tveit er også blitt fortald at «bøsseberarane» selde roser. Han tykkjer det er trist at nokon har utnytta aksjonen på denne måten, og seier han truleg vil anmelda saka til politiet på måndag.