Ønsket frå administrasjonen om å styrke tilbodet i ein helsestasjon i Ølen, slo an i kommunestyret. Dermed er det historie for helsestasjonane i Skjold og Vikedal.
Sp hadde samla troppene om ei sentralisering av helsestasjonane, og det var berre Ap som la tyngde i å oppretthalde tilbodet i alle tre bygdene. Utvalet for oppvekst og omsorg tilrådde å verne om dei tre helsestasjonane, der eitt av hovudargumenta var at kommunen ikkje sparer pengar på sentraliseringa.
Nær ungdommen
Varaordførar Marit Aga Hustvedt (Ap) og Reidar Håvås (Ap) var blant dei få som tok til orde for tre helsestasjonar.
— Det er viktig med eit lågterskeltilbod nær ungdommen. Undersøkingar viser at ungdommar lettare tar kontakt med helsesøster enn med andre. Eg forstår helsesøstrene sitt ønske om å samle miljøet og tenesta, men i dette tilfellet er det viktigare tenke på ungdommane. Det kan også vere greitt å ha fleire helsestasjonar dersom det kjem asylmottak, sa ho.
Vise handlekraft
Politikarane hadde to andre såkalla struktursaker på sakskartet, basseng og skular, der ein vedtok å la det vere som det er. Og ordførar Arne Bergsvåg la prestisje i at politikarane må vere villige til å gjere endringar.
— Dersom vi ikkje skal kunne gjere endringar, så har vi ei utfordring. Vi må lage smartare tenester, for vi kan ikkje rekne med milde gåver til kommuneøkonomien framover. Det er god dekning som er det viktigaste, ikkje kor mange helsestasjonar vi har, sa Bergsvåg.
Terje Kleiven (H) var raskt ute med å ta opp hansken og konstatere at ordføraren sin argumentasjon må vere å møte seg sjølv i døra.
Vedtaket i kommunestyret betyr at kommunen må ut å finne seg nye lokale til helsestasjonen i Ølen som i dag er i rådhuset. Administrasjonen skal også leggje til rette for at helsesøstrene skal oppsøkje og gi tilbod ungdom ute på skulane.