Ulovleg fiske frå merdar

Både i Bjoa-området og på andre sida av Ålfjorden har frekke fiskarar øydelagt merdar ved […]

Både i Bjoa-området og på andre sida av Ålfjorden har frekke fiskarar øydelagt merdar ved fleire høve. Med sluk eller agn har fiskarane tatt seg til rette i merdane, og ved fleire tilfelle forårsaka øydeleggingar. Dette har vore eit problem som har dukka opp ved fleire høve, fortel lensmann ved Vindafjord lensmannkontor, Ingvar Gjærde.

— Det føregår både nattestid og dagtid. På andre sida av fjorden er folk som driv med denne ulovlege fiskinga teke på fersken midt på dagen. Andre stader er «fiskarane» berre observerte i områda. Dersom publikum oppdagar nokon, ønskjer me at dei seier ifrå til oss, seier Gjærde