Dusør på ti tusen

— Eg avgjer dette sjølv, men eg har vore i kontakt med politiet, og dei […]

— Eg avgjer dette sjølv, men eg har vore i kontakt med politiet, og dei meiner det er ein grei ide for å få inn tips som kan løyse saka. Dei som veit noko må ta kontakt med politiet, også anonyme tips dersom nokon ikkje vil stå fram med namn overfor politiet, seier Birkeland.

Han leiger i dag ut Vikedal Sæter til eit polsk firma, men trur ikkje tagginga med opp til to meter store bokstavar, er retta mot dei. Han ser derimot ein klar samanheng med at Hoff Eiendom AS har søkt UDI om å opprette asylmottak på Vikedal Sæter.
— Eg har ingen formeining om kven som står bak, men eg har inntrykk av at bygdefolk her i Vikedalsdalen meiner det er viktig å få avkrefta at det er folk frå bygda som står bak. Dei vil ikkje ha sitjande på seg at det er ei rasistbygd, seier Birkeland.
Den omfattande tilgrisinga med bodskap som «Norge for normen» og «Nei til asyl» er enno ikkje fjerna sidan det er ei forsikringssak. Men Birkeland håpar det skjer snart.

cropped

Natt til onsdag gjekk nokon laus med maling på veggene på VIkedal sæter med rasistiske ytringar. Foto: privat