Ei rekkje tannlegekontor i Hordaland blir føreslått nedlagde i fylkestannlegen sin plan for tannhelsetenester som når er ute på høyring. Også tannlegeklinikken i Skånevik står på nedleggingslista «ved endring av bemanning». Det betyr at den dag tannlege Olaf Larsen ikkje jobbar meir, så er kontoret nedlagt.
— Eg føler det litt som om eg blir halden som gissel til jobben, seier Larsen.
Fleire kampar
I fleire omgongar har Larsen måtta kjempa for å bevara tannlegekontoret i Skånevik. Frå fylkeshald var han helst ønska til Etne då distriktstannlegen der gjekk over til privatpraksis. Larsen motsette seg dette, og partane kom fram til eit kompromiss.
Ved kontoret i Etne skal det ikkje lysast ut etter ny tannlege, og ein skal heller ikkje kjøpa tenester av private klinikkar, men i staden tilsetja ein tannpleiar. Nå er Larsen to dagar i Etne, og tre på klinikken sin i Skånevik.
I tannhelsetenesteplanen er det likevel nedlegging i vente for Skåneviksklinikken. Dersom fylkespolitikarane går inn for dette, betyr det at nedlegginga blir vedteken til våren, med effekt frå dagen Larsen går av. Om ti år når han pensjonsalder. Sjølv tykkjer han det er merkeleg at eit offentleg servicekontor som dette blir knytt til personen som sit i stillinga.
— Det er jo synd at når eg sluttar er det orsakinga for å leggja ned. Ansvaret tyngjer sjølvsagt, og det er litt ekkelt å ha det liggjande over seg. Det er rart dersom det skal vera slik i offentlege stillingar. Om jobbane skulle vore tilknytt personar ville det då ikkje vore mykje att i distrikta, poengterer Larsen.
Rekrutteringsvanskar
Frå sentrale hald har det kome føringar om ytterlegare sentraliseringar av tannlegekontora, og fylkeskommunane er oppmoda til å satsa på større og færre tannklinikkar. I rekkja av tannlegekontor som blir lagt ned, står også kontoret i Sæbøvik på Halsnøy overfor same situasjon: når tannlegen sluttar, blir kontoret nedlagt. Nedleggingane bli begrunna både for å betra drifta, med også for å få ein meir stabil tannlegedekning på kontora. I Skånevik er det rekrutteringsvanskar som får skulda for at klinikken blir nedlagt. Få nyutdanna tannlegar ønskjer å arbeida på einmannskontor. Fylkestannlege Inge Magnus Bruvik seier dette er eit problem i heile fylket.
— Grunnen til nedleggingane er for å sikra rekruttering og stabilitet i distriktet, både ved å få nyutdanna dit og få danna gode fagmiljø. Både i Sæbøvik og i Masfjorden har me dette problemet. Til nå har me hatt stabile tannlegar mange stader, men me får ikkje erstatta desse på plassar som til dømes Skånevik, seier Bruvik.
Eitt i Etne
Nå har Olav Larsen ansvar for alle dei såkalla prioriterte pasientgruppene i kommunen, pluss alle dei vaksne i Skånevik. Og når kontoret i Skånevik stengjer vil det få følgjer for mange.
— Når eg sluttar vil dette vera verst for borna og dei eldre i Skånevik. Nå brukar dei også argumentet med at folk kun blir kalla inn til tannlege kvar 18. månad i staden for årleg. Det er ikkje nok, meiner Larsen.
Han tykkjer ikkje unnskyldingane er haldbare.
Bruvik meiner at det med eitt samla tannlegekontor i Etne vil bli lettare å skaffa folk dit. Han meiner heller ikkje at dette er noko som skal liggja som ei bør over tannlegen det gjeld.
— Dette har ingenting med personen å gjera. Det er på ingen måte meininga at dei skal gå med dårlig samvit for dette. Men dersom me slår saman kontora til eitt større i Etne, er det større sjanse for at me kan skaffa folk dit enn til Skånevik, seier Bruvik.