Vil varma Skakke med skog

John Magne Seljelid i Etne skogeigarlag og karl Ludvig Ådland frå Vestskog Ba, meiner både […]

John Magne Seljelid i Etne skogeigarlag og karl Ludvig Ådland frå Vestskog Ba, meiner både Skakkesenter, Enge skule og barnehage kan får stetta energibehovet og vel så det frå nytt bioenergi-anlegg i engeleiren.                      foto: kari aakra

Kari Aakra

Etne Skogeigarlag ser for seg at fleire store bygg kan basera seg på energi frå nytt bioanlegg. I 2007 fekk dei i oppgåve å undersøkja behov og moglegheiter for å forsyna det nye kulturhuset i Etne med bioenergi. Skogen i Etne kan utan problem halda både Skakke, Enge skule og barnehage med miljøvennleg energi. Prosjektgruppa bak undersøkinga, leverte torsdag frå seg ei forstudie til Etne kommune og styret i Etne kulturhus BA. Nå skal bioenergien vurderast som alternativ energileverandør til bygga nær Engeleiren.

— Forbruket for barnehagen, skulen og det nye Skakkesenteret vil liggja på over ein million kilowattime, og det å utnytta skogen i Etne til dette føremålet vil berre krevja litt av dei ressursane som finnest. Det ligg utruleg mykje råstoff her som i dag ikkje blir brukt, meiner styreleiarleiar  i Etne Skogeigalag John Magne Seljelid, og fagkonsulent frå Vestskog, Karl Ludvig Ådland.

Anlegg i Engeleiren
Om lag 500 kubikk tømmer kan tilføra den naudsynte energien som desse bygningane treng årleg. Prosjektgruppa ser for seg å byggja eit bioanlegg i Engeleiren, med eit 50 kvadratmeter stort bygg for omnen, og med areal for tilkomst og tipp for råstoffet ned i ein fliscontainer.
Frå Engeleiren vil det vera høveleg avstand for å føra energien gjennom røyr til bygga, men eit slikt anlegg vil også ta høgde for å kunna levera energi til fleire i framtida. I forstudien er ikkje energileveranse til det nåverande kulturhuset teke med, noko som skal vurderast i neste omgang.

Fleire bygg?
— Skal ein få til dette, må det minst vera i denne storleiksordenen. Det er også viktig at me nå tenkjer på mogleg påkopling seinare til eventuelt nye og fleire bygg, seier Seljelid.
Investeringa for å levera biovarme til dei offentlege bygga og Skakkesenteret har fått ein prislapp på 3,1 millionar kroner. Det samla behovet for energi til dei tenkte bygningane på ein million kilowattimar, gir ein pris på 75 øre kilowattime. Prosjektgruppa meiner også gymbygget med symjehallen bør vurderast for prosjektet. Den planlagde arbeidskyrkja ved bedehuset, kan også vera høveleg «kunde» for bioenergien. Ved å auka behovet for energi frå anlegget vil prisen bli redusert. For at investerings- og driftskostnaden på bioanlegget skal løna seg samanlikna med andre energialternativ, er det avhengig av at energien blir levert i stort nok volum.
— Bioenergien kan fraktast langt dersom berre mottakaren er stor nok. Volumet på det som blir levert må vera stort nok til at investeringa lønar seg. Dei bygga me her tenkjer å levera til, er gjerne eit minimum av det me treng, men me kan i framtida også levera til næringsverksemder, fortel Ådland.

Ikkje dugnad
For å drifta eit slikt anlegg må det pengar til, om lag 215.000 kroner er rekna til drifta. Prosjektgruppa understrekar også at eit bioenergianlegg ikkje kan driftast på dugnad. Anlegget skal baserast på lokalt råstoff frå skogeigarar som må finna det forsvarleg å  ta ut og levera tømmeret.
— Dei som skal drifta og levera til anlegget, må få betalt for dette.  Difor ønskjer me også høgast mogleg volum, seier Seljelid, som meiner det er vilje til å investera i naudsynt maskineri for å levera råstoff blant skogeigarar i kommunen.
I Etne er uttaket av skog svært variert, og mengda som må til i eit slikt anlegg er svært lite samanlikna med den totale ressursen og den planta skogen som vil reisa seg i åra som kjem. 
Bruken av bioenergi i dei offentlege bygga er også i samsvar med klima- og miljødelen av kommuneplanen i Etne, og kan vera starten på ei naudsynt omlegging av energibruken.
— Med tanke på dei politiske målsetjingane innan energibruk og miljø gjeld det å koma i gang. For å nå desse måla må det skje noko på konverteringssida av energibruken i dag, meiner Ådland.