— Folk må vera svært forsiktige

Mange har funne fram skøytene og vore utpå Etnefjorden i dag. Politiet ber folk vera […]

Mange har funne fram skøytene og vore utpå Etnefjorden i dag. Politiet ber folk vera obs, og hugsa på at isen ikkje er like tjukk overalt.

Operasjonsleiar ved Haugaland og Sunnhordland Politidistrikt John Inge Særsten, seier han har høyrt fleire har vore ute på isen ved staden der den 59-år gamle mannen gjekk gjennom i går.

— Det er jo alltid slik at folk må ut å sjå når det har hendt slike ting, men dei må vera svært forsiktige. Lokale redningsfolk seier det berre er fire cm tjukk is her, mot 20 cm andre stader, seier Særsten.

Han minner om at lokale straumforhold fører til ulike tjukkelse på isen. Det lett kan sjå ut som om isen er tjukkare enn han er. Bruk gjerne vest, oppmodar Særsten.

— Eg håpar at folk forsikrar seg skikkeleg om forholda før dei går utpå isen. Dei må ta alle forhåndsreglar. Dessutan kostar det heller ingenting å ta på seg vest når ein går utpå isen, seier han.