Kvelertak med Erlend Hjelvik frå Vikedal og Bjarte Rolland frå Etne sikra seg andre plassen i NRK sin Urørt-finale fredag kveld.
Ti artistar frå heile landet kjempa om den gjeve Urørt-prisen, som blir sett på som det største ein kan oppnå som uetablert artist i musikk-Noreg.
Kvelertak med låten «Ordsmedar av Rang» låg svært tett innpå vinnaren the Pink Robots. Kvelertak hausta mykje skryt frå Urørt-juryen på førehand, og berre 125 stemmer skilde dei frå første-plassen.
Kvelertak har nytt stor suksess det siste året. Det populære live-bandet markerte seg sterkt under Roskilde-festivalen, og musikkanmeldarar har skrytt den stavangerbasert gruppa opp i skyene. Nå står plateinnspeling i USA for dørene. Kvelertak håpar på plateslepp i juni.