Ørn til åtak på hjelpelaust vilt

Det var eit uvanleg syn som møtte Morten Kvinnesland i Håvik i Skjold då han […]

Det var eit uvanleg syn som møtte Morten Kvinnesland i Håvik i Skjold då han kikka ut på fjorden. På Ålfjord-isen hadde seks ørner gått til åtak på to rådyr.

Av Kari Aakra

På søndag var det eit brutalt og noko uvanleg syn på isen på Ålfjorden utføre Håvik i Skjold. Om lag 200 meter utpå isen fekk Morten Kvinnesland auga på to rådyr som låg der, og seks ørner som trippa rundt. Fuglane hadde alt gjort eitt festmåltid av det eine dyret.

– Eg har sett ein del ørn der tidlegare, men ikkje slik som dette. Det var tydeleg at dei kosa seg, fortel han.

Halvegs i måltidet

Kvinnesland tok kontakt med viltnemnda som sende eitt tremannslag utpå isen for å sjå etter dyra. Det eine rådyret var medfaren og delvis ete, medan det andre var i live. Jacob Markhus var ein av dei tre i redningsmannskapet, og fekk tatt den gjenlevande rådyrkalven med seg til lands att.

– Det eine var oppete då me kom fram, medan det andre viste seg å vera i live. Men eg trur nok fuglane hadde tatt seg av det også om me ikkje hadde fått det med oss, fortel Markhus.

Med robåt fekk han dyret, som i utgangspunktet skulle det skytast, med seg på land, fortel Kvinnesland.

Redninga

– Isen var så tynn at me var usikre på korleis de ville gå å koma seg utpå, men dei tre klarte å få fatt i det gjenlevande rådyret, og frakta det til lands med hjelp av robåt. Då det låg utpå isen der tenkte me at me måtte avliva dyret så det slapp å pinast. Men då det kom til lands viste rådyret seg likevel å vera både pigg og opplagt, så me let det vera, fortel Kvinnesland.

Han seier det truleg var kongeørn ute på isen inst i Ålfjorden, nokre av dei var nok berre ungfuglar, som gjekk til åtak på rådyra som ikkje viser seg så ofte på fjordisen.

– Dyra var nok skremt utpå isen der på eitt vis. Eg har ikkje sett rådyr der før, seier Kvinnesland.