Miljøvernforbundet anmelder AF Decom

Kari AakraI går blei anmeldelsane sende Haugaland og Sunnhordland Politidistrikt. Miljøvernforbundet meiner AF Decom Miljøbase […]

Kari Aakra

I går blei anmeldelsane sende Haugaland og Sunnhordland Politidistrikt.
Miljøvernforbundet meiner AF Decom Miljøbase Vats ikkje har løyve til utsleppa som kjem av arbeidet med behandlinga av radioaktivt avfall.

— Så langt Noregs Miljøvernsforbund har kunna bringa på det reine held AF Decom fram med å behandla og lagra radioaktivt avfall på anlegget sitt i Vats. Behandlingsmetoden som blir brukt er skjering og kutting, noko som frigjer radioaktivitet til luft. Dette arbeidet føregår i friluft, og slik radioaktiv forureining har ikkje AF Decom utsleppsløyve til. Dette er difor eit grovt brot på forureiningslova, heiter det i anmeldelsen underskriven leiar Kurt Oddekalv.  

Vidare skriv miljøvernforbundet at dei med bakgrunn i bekymringsmeldingar frå arbeidarar og busette kring anlegget i Vats, føretok ein nattleg inspeksjon i november i fjor, der det blei funne «foruroligande store mengder radioaktivt avfall.» Miljøvernforbundet skriv at det for dei var tydeleg  at behandlinga av kontaminerte/forureina røyr føregår utan naudsynt verneutstyr og opplæring. 

— Oppkutta kontaminerte røyrdelar, forsøkt «plomberte» med tynn plast, låg spreidd fleire stader på kaianlegget. På dagtid kan ein med det blotte auga sjå spreiing av støv som kjem som ei direkte følgje av kutting og brenning av røyra. Dette støvet er til fare for samtlege tilsette på anlegget, folket omkring og drikkevasskjelda. Det kan gje uante konsekvensar for befolkinga, naturen og miljøet i Vats, heiter det i anmeldelsen.

Milljøvernforbundet har også anmeldt Statens Strålevern for brot på forvaltingslova og tenesteforsøming. I tillegg blir Statens Strålevern anmeld for uforstand i tenesta då dei ikkje la ut AF Decom si søknad om utviding av avfallslagring på offentleg høyring.

— Så langt miljøvernforbundet har kunna bringa på det reine har Statens Strålevern unnlatt å leggja ut til offentleg høyring, søknaden frå AF Decom om utviding av godkjenninga til å behandla og lagra radioaktivt avfall frå 5 til 50 tonn. Statens Strålevern har likevel godkjent utvidinga i juni 2009, skriv Oddekalv, som vidare
understrekar at Miljøvernforbundet ikkje kan akseptera at dette er ein «glipp» slik Statens Strålevern hevdar.

Plassjef ved AF Decom Miljøbase Vats, Arne Skogheim meiner Oddekalv prøver å skapa usikkerhet basert på udokumenterte påstandar.
— Det er  få fjordar som nå er så godt undersøkte som Vatsfjorden. Gjennom eit samarbeid med NIVA og grendeutvalet har me fått på plass eit omfattande miljøovervakingsprogram. NIVA er ein anerkjend forskningsinstitusjon, og har gjennom grundige analysar dokumentert at det er trygt å bu og veksa opp i Vats. Slik skal det også vera i framtida. Gjennom dialog og samarbeid basert på fakta skal me sikra at Vatsfjorden blir tatt vare på. Det får stå for Kurt Oddekalv si eiga rekning at han gjennom å koma med udokumenterte påstandar og politianmeldelse prøver å skapa usikkerheit lokalt, sier Skogheim i ein kommentar til Grannar.