Toppartistar til Marknaden

Både  rap, bygderock og sommarmusikk av ypparste klasse blir å høyra på Etnemarknaden i august. […]

Både  rap, bygderock og sommarmusikk av ypparste klasse blir å høyra på Etnemarknaden i august. Madcon, Hellbillies og Postgirobygget er nokre av trekkplastera til musikkdelen av marknaden dette året.

 — Eg trur me har klart å skaffa populære namn dette året. Det er variert og artistar av god kvalitet, seier dagleg leiar i Etnemarknaden Vidar Lund til Grannar.
 
På torsdagen blir den offisielle opninga og markeringa av 30-årsjubileuet etterfølgd av Harry Gym med etnebuen Anne-Lise Frøkedal i spissen.

Dagen etterpå blir det dobbelt opp av norsk bygderock. Hellbillies måtte avlysa sin konsert på Etne marknaden i fjord, men ville ikkje skuffa publikumet dette året, og fyrer av på fredagskvelden, før dei lokale heltane i Pakkers tar kvelden vidare.

På laurdag er det nok ein gong dobbelt opp, denne gongen av  er det norske toppartistar som etterfølgjer kvarandre. Postgirobygget opnar showet, før rapparane i Madcon overtar scena siste halvdel på laurdags kvelden.

Kritikarroste Susanne Sundfør med band avsluttar årets Etnemarknad på søndagen.

Les meir i papirutgåva av Grannar på torsdag