Torsken har ikkje rømt

Det slo Fiskeridirektoratet fast under ein inspeksjon i går på anlegget på Svalland ved inngangen […]

Det slo Fiskeridirektoratet fast under ein inspeksjon i går på anlegget på Svalland ved inngangen til Ålfjorden. Det vart ikkje konstatert hol i merdene, og ikkje funne indikasjonar på at fisken var rømt.

— Det er mest sannsynleg ein teljefeil, og Fiskeridirektoratet var vel tidleg ute med å oppmode om oppfiske. Når vi får mistanke om at noko kan vere gale, er vi pliktige til å rapportere til Fiskeridirektoratet, og det gjorde vi på torsdag, opplyser Thomas Alvseike, ein av eigarane i torskeoppdrettet.