Politiet fekk klokka 03.40 natt til søndag melding om eit snøras på den gamle europavegen mellom Kyrping og Markhus i Etne kommune.
Ifølgje meldinga Haugaland og Sunnhordland politidistrikt fekk inn, skulle raset vera omlag to meter djupt og 10 til 15 meter breitt.
Kommunalt brannvesen, politi og ambulanse blei sendt mot staden der dei kunne observera eit mindre ras som sannsynlegvis hadde gått for fleire dagar sidan. Raset var heller ikkje av ein slik storleik at det var uoversiktleg for dei frammøtte.
Det høyrer med til historia at vegen er svært lite brukt på denne tida av året.