Ein 26-åring frå Jæren blei laurdag kveld henta av politiet og køyrt til arresten i Haugesund etter politiet klokka 22.30 fekk melding om bråk og slåsting ved ein utestad i Ølen. Mannen hadde slått til ein gjest og ei vakt, og forulempa òg ein politimann i bilen på veg til arresten, og blir politimeldt for forholda, opplyser lensmann Ingvar Gjærde.