Fann velta bil i vegbanen

Klokka 03.11 natt til laurdag fekk politiet melding om ein bil som låg på taket i vegbanen på vegen mellom Isvik og Vikebygd. Bilen vart funnen varm og forlaten, og politiet søkte med hund etter personar, utan å finna nokon.

— Opplysningar tilseier at bilen er stolen frå ein verkstad i området der han vart funnen, opplyser operasjonsleiar Trond Olav Friberg i Haugaland og Sunnhordland politidistrikt.

Fann mistenkte i Isvik

Snaue to timar seinare pågreip politiet ein 39 år gammal mann i Isvik. — Mistenkte framstod som rusa og er ein såkalla «gammal kjenning av politiet», opplyser Friberg.

39-åringen hadde store problem med å gjera greie for kor han hadde vore i området, korleis han hadde kome dit og kven han hadde vore saman med, og vart framstilt for lege og blodprøve i natt.

Mannen vart sett i varetekt i påvente av avhøyr.

Innbrot på Bjoa

Laurdag føremiddag opplyser politiet at dei har fått melding om innbrot i ein bilverksted på Bjoa der det blant anna er stole bilnøklar og ein bil. Politiet har vore på staden og granska åstaden, og operasjonsleiar Svein Sørensen opplyser at det vart gjort funn på staden som indikerer at gjerningsmannen kan vera same person som vart pågripen i samband med trafikkuhellet i Vikebygd tidlegare på natta.

— Bilen som var involvert i trafikkuhellet var stolen frå bilverkstaden, seier han.

Saka blir etterforska ved Vindafjord lensmannskontor.