Landsstyret i Norges Fiskarlag meiner styresmaktene har ein manglande oppfølging av tiltak i samband med opphogging av petroleumsinstallasjonar. Fiskarlaget ber nå om eit møte med den politiske leiinga i Miljøverndepartementet for å diskutera problemstillingar og muligheiter knytt til framtidig opphogging av slike installasjonar.
Landsstyret påpeikar at innspel frå organisasjonen i liten grad er fylgd opp av sentrale styresmakter. Bakgrunn for utspelet er at ca 500 offshoreinstallasjonar som skal fasast ut og hoggast opp i løpet av dei neste tiåra.
— Norske fiskeri er avhengig av reine fjordar, intakte fiskeområde og produktive økosystem. Dette er også avgjerande for kvalitet, omdømme og marknadsverdi for norsk sjømat. Utslepp frå opphogging av petroleumsinstallasjonar (og frå andre forureiningskjelder), må difor forvaltast på ein måte som ivaretar omsynet til mattryggleik, gyte- og oppvekstområde, fiskeri og sjømatnæring, heiter det i vedtaket frå Landsstyret.
Vindafjord
AF Decom sitt anlegg i Vindafjord blir trekt fram som eit av døma på der det er problem. Norges Fiskarlag har dei siste åra vore særleg bekymra for utslepp av kvikksølv og andre miljøgifter knytt til opphoggverksemda.
— Yrkjefjorden er ein fjord med eit betydelig fiske, særleg etter sild og makrell. Samtidig som fjorden er eit viktig ressursområde for ei rekke arter av nasjonal betydning, blant anna NVG-sild og kysttorsk, skriv organisasjonen.
Etter Norges Fiskerlag si oppfatning må det setjast i gang eit nytt uavhengig overvakingsprogram, med fokus på sjømattryggleik, som alle kan ha tillit til.— Slik overvaking må gjennomførast av eit forskingsinstitutt med kjernekompetanse innan dette feltet, fortrinnsvis Nifes i samarbeid med Mattilsynet. Overvakingsprogrammet må fungera slik at det kan bidra til at aktuelle utslepp blir stoppa, dersom det medfører risiko i forhold til sjømattryggleik, skriv fiskarlaget.