På ringfingeren til Sissel Bjørnsen (29) i Vikedal blinkar det i diamantar, og framleis blussar ho når ho fortel den romantiske historia om korleis kjærasten Arnt Richard Andreassen (28) fridde til henne. Ei historie som kan smelta einkvar.
Mange kvinner har ein draum om eit magisk frieri, der mannen legg seg litt i selen for å smelta hjarta på den utkåra. Aller helst bør superlativa komma som perler på ei snor, mens kvinna står med bankande hjarta, skjelvande hender og tårer i augekroken. Roser og champagne bør sjølvsagt vera med, og om dei ikkje rir inn i solnedgangen på ein kvit hest, så lever dei i alle fall lukkeleg i alle sine dagar.
For mange håpefulle kvinner blir det med draumen, men for Sissel Bjørnsen blei det verkelegheit då ho og sambuaren sist helg var på tur til Amsterdam. Arnt Richard Andreassen hadde nemleg lagt seg i selen, for å gi kvinna i sitt liv, ei oppleving av dei sjeldne.
Tur i gåve
Paret som har vore saman i ti år og som har sønene Mikkel på fire og Lasse på halvanna år, reiste til Amsterdam for å få omvising på fabrikken Hitachi Constructions, der dei store maskinane blir produserte. Andreassen som er oppvaksen i bedrifta A & B Andreassen Maskin i Vikedal ,har ein stor kjærleik til desse store maskinane, og turen til Nederland var ei gåve frå kjærasten då han sist fylte år.
— Då eg fekk denne turen til bursdagen min, fekk eg så lyst til å gjera noko tilbake. Eg tok kontakt med Jannike Hansen som er marknadsansvarleg for Nasta Norge, leverandøren av Hitachi-maskinar i Noreg, og ho tok oppgåva med å arrangera turen til Amsterdam. Ho blei heilt i hundre då eg fortalde at eg hadde lyst til å fri til Sissel, og overtok ballen med ein gong, seier Andreassen.
Dermed var planen om eit litt uvanleg frieri, sett ut i livet.
Godt planlagt
Då dei kom til Amsterdam og fabrikken, kom dei saman med eit anna reisefølgje frå Noreg og dei var om lag 20 personar i laget. Her blei dei tekne godt imot og alle blei losa inn i eit lite auditorium til informasjonsmøte. Sissel Bjørnsen gleda seg over å få gi kjærasten ei slik gåve, for han var så ivrig og interessert i det som føregjekk rundt han. Derfor kom Andreassen sine plutselege magesmerter over henne som ei svart sky, då kjærasten måtte forlata auditoriet for å ta turen til toalettet. Enda verre synest ho det blei då ein demonstrasjon av ein ny og stor hjullastar skulle finna stad rett utanføre glasveggene på auditoriet. Glasveggene var svære, og sikta ut på hjullastaren var panorama.
«Då eg fekk denne turen til bursdagen min, fekk eg så lyst til å gjera noko tilbake
— Eg tenkte at dette måtte Arnt Richard få med seg, og rota ned i sekken min for å prøva å ringa på han og seia at han måtte skunde seg. Mens eg rota rundt i sekken, var det ein kar som dytta bort i meg og sa at no måtte eg følgja med på hjullastaren, og synet som møtte meg sette meg heilt ut, seier Bjørnsen.
Knela og fridde
På toppen av ein sandhaug sto nemleg hjullastaren – med Andreassen inni som sjåfør, og inne i skuffa på maskinen sto eit svært skilt med setninga: «Sissel – vil du gifte deg med meg?» Ikkje rart hovudpersonen blei paff, og til vill jubel frå både dei 20 nordmennene i salen og nesten 300 tilsette arbeidarar på fabrikken, gjekk Bjørnsen ut til sin kjære, som knela ned og spurte om ho ville bli kona hans.
— Eg svarte sjølvsagt ja, og dermed var det nokon som spratt champagne flaska for oss, seier den nyforlova 29-åringen.
At dette var noko utanom det vanlege, er det ikkje noko tvil om, for gratulasjonane har hagla mot paret sidan dei kom heim til Noreg igjen på søndag. Både telefonar, sms og ikkje minst gratulasjonar på Hitachi Construction si Facebook-side, der det har tatt heilt av. Historia og bilda om det spesielle frieriet, er delt på 39 andre profilar og kommentert av personar frå 27 forskjellige land.
No ser dei fram til sommaren. Då skal bryllaupet stå i Vikedal, men dato for sjølve vigsla er framleis ikkje bestemt. Sissel har fått i oppdrag frå Arnt Richard å ha regien på sjølve bryllaupsplanlegginga, og det må ein vel få lov til å kalla toppen av lukke.