Det stadfestar Leiv Harald Hanesand, trafikksikkerheitskoordinator i Statens Vegvesen.
— Hovudkriteriet for å få fotoboks er mange ulykker med personskade. I Vindafjord og Etne smell det relativt ofte i trafikken, men skadane er som regel materielle. I tillegg stiller Stortinget krav om konkret risikonivå og gjennomsnittleg køyrefart over fartsgrensa. Dette området oppfyller ikkje nokre av desse tre krava, forklarer Hanesand.
Ikkje ekstremkøyring
For nokre veker sidan skreiv Grannar om at det ligg an til dobling i talet på politimeldte sjåførar som har brote fartsgrensa i distriktet, særleg i Åkrafjorden og ved Knapphus, samanlikna med i fjor. Både UP og lensmann i Vindafjord, Ingvar Gjærde, uttalte at dei gjerne vil ha på plass gjennomsnittsmålar og eventuelt elektroniske måletavler i området for å få fleire bilistar til å senke farten.
Hanesand i Vegvesenet meiner derimot at den rette løysinga for Grannar-distriktet heller vil vere å satse på fleire politikontrollar i trafikken. Han understrekar likevel at det ikkje finst nemneverdig ekstremkøyring i vårt område. I slike tilfelle vil den gjennomsnittlege køyrefarten måtte liggje på minst ti kilometer over fartsgrensa, men dette er ikkje tilfelle i vårt område.
— Auken i politimeldingar treng ikkje vere ein direkte indikator på høgare fart. Sannsynlegvis heng dette saman med at politiet har fleire kontrollar enn tidlegare. Me har fleire målarar som målar farten døgnet rundt, blant anna i 80-sonene i Øvre Vats og over Fikse, men desse viser at folk flest faktisk ikkje køyrer så fort som me gjerne trur, seier Hanesand og påpeikar at ein ATK-boks (automatisk trafikk-kontroll) har relativt avgrensa effekt.
Få alvorleg skadde
— Verknaden av ein ATK-boks vil søkke over tid fordi stadig fleire veit om den og mange blir varsla om den via GPS-utstyret i bilen. Etableringa og drifta av slike boksar er kostbar, og ikkje alltid verd pengane, meiner han.
Berekningane til Vegvesenet, som er baserte på statistikken frå måleboksane og politiets statistikk om personskadeulukker i trafikken over fireårsperiodar, viser at ulukkesfrekvensen på heile E134 gjennom Vindafjord er lågare enn det som er gjennomsnittet for tilsvarande veg.
— Snittet på ulukkesfrekvensen ligg på 0,17, mens talet er 0,14 over åtte år i Vindafjord. Ulukkestettleiken må vere på minst 0,5 ulukker med politirapportert personskade per kilometer i året over ein fireårsperiode. Ulukkestettleiken er målt til 0,45, seier Hanesand.
Mellom 2002 og 2010 var det 0,23 skadde per kilometer på 18,2 kilometer veg. Totalt var det 33 ulukker med personskader; to personar vart drepne, fire alvorleg skadde og 41 lettare skadde. 40 prosent av alle politirapporterte ulukker var utforkøyringar, mens 35 prosent var møteulukker.
Manglar ulykkespunkt
— I 2010 var det ingen ulykkespunkt eller strekningar i Vindafjord kommune som tilfredstilte krava for å etablere automatisk trafikkontroll. Generelt er skadekostnadane per kilometer i dykkar område ikkje så høge og dette har halde seg stabilt over åra. Dødsulukka i Etne sentrum i 2008 førte til høgare skadekostnader og dermed til at eit trafikksikringstiltak kom på plass. Men dette må sjølvsagt avvegast etter behovet. Det hadde ikkje hjelpt med fotoboks i dette tilfellet, meiner Hanesand. Han understrekar at dei uansett berre kan spele inn behovet til stortingspolitikarane og Nasjonal Transportplan (NTP), og må søke om pengar og løyve til kvar enkelt fotoboks som blir sett opp. Utanom dette har dei møte med politiet eit par gonger i året om trafikktiltak.
Berre førebels tiltak
I region vest (Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane) er det 80 fotoboksar. Berre tre av dei finst innanfor vårt politidistrikt. Punktmåling av fart skjer sør på Karmøy på Fylkesveg 47 ved Ferkingstad-Sævland og på Fylkesveg 325 ved Sandve, og i Bømlafjordtunnelen. Tidlegare var det også ein fotoboks på Bø i Karmøy, men denne vart fjerna i 2011.
— Dette heng saman med at fotoboksar opphaveleg berre er meint å vere førebelse trafikktiltak inntil vegstandarden er utbetra og behovet fell bort. Slik var det også på Bø. I mange år var det god nytte av boksen, men behovet forsvann då det vart sett opp rundkøyring. Då vart folk nøydde til sette ned farten, seier Hanesand.
Les meir i papirutgåva eller e-avisa av dagens Grannar.