Stengjer E134 i natt

— Traileren køyrde av vegen, rulla rundt og hamna ute på eit jorde, seier operasjonsleiar Svein Roald Vikse ved Haugaland og Sunnhordland politidistrikt til Grannar.

Politiet fekk melding om ulukka ved austenden av Liaheia på E134 i Skjold klokka 08.10 tysdag morgon.

Sjekka fisken

Traileren var på veg til Hardanger med smolt som var henta på Fjon i Sveio, då ulukka skjedde.

— Grunnen til uhellet er opplyst å vera at sjåføren, ein mann i byrjinga av 60-åra, var oppteken med å sjekka leveforholda til småfisken, opplyser Vikse. Han fortel at det er oppretta sak om vegtrafikkuhell, og at vakthavande jurist har vedteke at sjåføren sitt førarkort blir beslaglagt.

Køyrt til legevakt

— Sjåføren meinte sjølv han var uskadd, men vart køyrt til legevakt av ambulanse. Han var litt rysta og sjokkert over det som hadde skjedd, seier Vikse, som opplyser at utforkøyringa ikkje skapte problem for resten av trafikken.

Trailersjåføren og hans selskap kontakta redningsselskap for berging av køyretøyet.

Bilberging i natt

Vogntoget som i dag kjørte utfor vegen på Liaheia vil bli berget i natt. Det er politiet som melder dette tysdag kveld.

— Berginga vil medføra at E134 i perioder blir heilt stengt for trafikk. Arbeidet startar kl 02.00 i natt, opplyser operasjonsleiar Jarle Utne-Reitan ved Haugaland og Sunnhordland politidistrikt.

Det er Haugesund Redning som skal utføra bilberginga. Dei får assistanse fra Risa AS som skal dirigera trafikk på vegner av Statens Vegvesen. Vegtrafikksentralen vil halda trafikkantar oppdatert om status gjennom sine kanaler.

Foto: Elin B. Øvrebø

20120925-171531.jpg