Klokka 02.05 natt til torsdag kontrollerte ein patrulje frå Vindafjord ein sjåfør av litauisk opphav, som skal vere i tjueåra, i Isvik. Politiet fann då ut at mannen vart tatt for å køyre for fort tidlegare i år og difor ikkje hadde rett til å køyre bil.
—Dette nye lovbrotet gjer at det blir oppretta nytt forhold på mannen, som blir følgt opp av Vindafjord lensmannskontor, fortel Jarle Utne-Reitan, operasjonsleiar ved Haugaland og Sunnhordland politidistrikt.