Laurdag kveld var ein UP-patrulje igjen på plass i 60-sona på E134 ved Knapphus for å kontrollera farten på dei forbikøyrande. I tidsrommet mellom klokka 21.00 og 23.30 vart det skrive ut åtte bøter og ein bilførar vart politimeldt og mista førarkortet. Høgaste fart vart målt til 93 kilometer i timen i 60-sona.
Operasjonsleiar Trond Olav Friberg ved Haugaland og Sunnhordland politidistrikt oppsummerer laurdagens kontroll slik:
— Betre resultat denne gongen enn i går.
Fredag kveld hadde UP kontroll same stad. Då fekk fem bilførar førarkorta sine beslaglagt og vart fotgjengarar på staden, medan ni sjåførar fekk bøter. UP målte då høgaste fart til 108 km/t i 60-sona.