Rusa mann med mange namn

Ein mann i 30-åra blei køyrd heim etter at han hadde hamna i klammeri med andre på ein utestad i Ølen.

Då politiet spurde mannen etter namnet hans, gav mannen ukorrekte opplysningar fleire gonger, noko som enda med at politiet melde han for forholda.