Stal diesel medan sjåføren sov

Han overnatta i det store køyretøyet utafor Harstad då han natt til tysdag blei utsett for eit frekt dieseltjuveri. Det er avisa Nordlys som skriv om den gufne opplevinga til trailersjåfør Anders Grønstad. — Då eg vakna såg eg at tanklokket låg slengt på bakken. Eg fann ein stor kjøkkenkniv også, men veit ikkje om den var brukt til dette, seier Grønstad til avisa. Etnebuen er langt frå den einaste som har vore utsett for tjuveri av drivstoff i Nord-Noreg den siste tida. Grønstad har meldt saka til politiet, men har ikkje store forventningar om at saka blir løyst.