Sjekka 30 bilistar

Vindafjord lensmannskontor gjennomførte ein promillekontroll i Ølen frå 02.30 til 03.30 natt til søndag der 30 bilførarar vart kontrollerte, opplyser operasjonssentralen i Haugaland og Sunnhordland politidistrikt. Kontrollen gav ingen mistankar om sjåførar som køyrde i ruspåverka tilstand.