Åtvarar mot kinesiske lykter

Politiet fekk seint sundag kveld melding frå området Etne, Skånevik, Utåker om noko som kunne likna naudrakettar. Etter å ha konfrontert med Hovudredningssentralen for Sør-Noreg konkluderte politiet med at det sannsynlegvis dreidde seg om såkalla kinesiske lykter.

— Å senda opp slike lykter kan resultera i oppstart av redningsaksjoner, seier operasjonsleiar Oddvar Olsen ved Haugaland og Sunnhordland politidistrikt.